Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

04.04.2018 2 t 48 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! I Florø er det jubel etter at det vart kjent at det blir nytt liv i sildemottaket i kystbyen. Seint i går kveld vart skattemeldinga lagt ut - vi gir deg tipsa til kva postar du bør vere ekstra observant på. Den dårlege sommaren i fjor har ført til at mange bønder ikkje har nok fôr til dyra sine. Og med utsikter til ein kald vår, fryktar mange fôrkrise. Aldri før har så få omkomme i trafikken. Det er det fleire grunnar til. Har du ein krangel gåande med naboen? Vi gir deg tipsa til korleis du kan nøste opp i det? I studio står Tone-Merete Lillesvangstu.Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu