Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

21.03.2018 2 t 48 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! Sveinung Rotevatn (V) mista i går si øvste sjef, Sylvi Listhaug, då ho valde å trekkje seg. Korleis har den siste veka vore for nordfjordingen? Og kva betyr Brexit og EØS for norsk næringsliv og næringslivet i Sogn og Fjordane? Vi får ein ekspert i studio som skal teikne og fortelje. Firda-journalist Ole Johannes Øvretveit vart heilt overvelda på ein reportasjetur til ei bittelita øy i Solund. No lagar han bok om karen som har valt å leve livet sitt der, saman med fotograf David Zadig. Kommunane må tenkje seg om før dei byggjer bustadar på lågtliggjande område. Det meiner klimaforskar. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu. Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu