Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

08.03.2018 2 t 48 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! Gratulerer med dagen til alle kvinner! I helga er det årsmøte i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Der kjem AUF Sogn og Fjordane til å komme med framlegg om ei lov som sikrar kvinner likelønn. Det er gode tider for dei som eig skog - nett no er det rekordprisar på tømmer. Vi har vorte med på tømmerhogst. Flora ungdomsskule skal gi jarnet i Klassequizen i dag. Avisa Firda har gjennomført si eiga undersøking der dei har kartlagt seksuell trakassering og maktbruk. Journalistane bak blir med i sendinga frå klokka 15.30. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu. Har spørsmål om DAB? Har du tips, både om nyheiter og tilstand i trafikken? Send ein SMS til 1987 med kodeord sf, ring oss på 57 72 42 42 eller send ein e-post til sf@nrk.no.

Medvirkende

Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu