Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

07.03.2018 2 t 49 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! Mellom klokka 14 og 15 presenterer Stian Sjursen Takle og Stein Aase splitter ny musikk frå Sogn og Fjordane. Debutant Kaia Höl frå Årdal har akkurat fått seg platekontrakt - bli meir kjent med den spennande artisten i Lutt-sendinga. Jørn Trollebø og Hayseed kjem også på besøk. I dagens Klassequiz er det Naustdal skule som skal til pers. I går fekk Høgskulen på Vestlandet 24 millionar kroner av Gjensidigestiftelsen til å etablere eit senter for fysisk aktiv læring. Førsteamanuensis Geir Kåre Resaland kjem i studio 15.30 for å fortelje om prosjektet. Den snørike vinteren har gjort toppturar mogleg på kystfjelltoppar der ein vanlegvis ikkje får gått på ski. Bli med på tur. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu. Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Produsent:
Stian Sjursen Takle
Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu