Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

04.03.2014 2 t 57 min

Velkommen til ettermiddagssending frå oss her i NRK Sogn og Fjordane. I dag kom rapporten frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og deira vurderingar om den tragiske hendinga på Valdresekspressen 4.november i fjor. Vi har snakka med avdelingsdirektøren i DSB og politimeister Ronny Iden. I tillegg har vi nok ein gong vore på asylmottaket på Vassenden og snakka med leiaren der om situasjonen for bebuarane. Dei treng meir mat enn dei har råd til, men det er få som vil hjelpe. Vi har også vore på pressekonferanse i Sogndal der dei presenterte ein ny spelar i dag og vi trekkjer laga som skal få vere ein del av finalen i årets klassequiz. Vi held også eit vakent auge med vegane våre og lovar å oppdatere deg så snart vi får inn ny informasjon frå vegtrafikksentralen om ting som skjer i fylket vårt.

Medvirkende

Programleder:
Eli Eikenæs Vengen