Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

02.03.2016 2 t 57 min

Han kom frå næringslivet og vart næringsbyråkrat. No blir han også kultursjef. Betyr det ei nedprioritering av fylkeskulturlivet? Jan Heggheim er gjest og svarar for seg. I dag går startskotet for eit vikingeventyr på Nordfjordeid. Dei skal skape eit opplevingssenter med Norges største vikingskip. Dei treng berre pengar. Masse pengar. Dei valte vekk storbylivet i Stavanger, for bygdeidyll på Skjolden; ein plass dei er forelska i. Vi får møte dei nye eigarane av Skjolden hotell. Den viktigaste vegen mellom ytre Nordfjord og Sunnmøre blir stengt i vekesvis på grunn av ras. Det får konsekvensar for regionlensmannen, både personleg og profesjonelt.

Medvirkende

Gjest:
Jan Heggheim
Produsent:
Silje Guddal
Programleder:
Erlend Blaalid Oldeide