Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

24.01.2018 2 t 48 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! NRK snur og utvidar distriktsendingane på TV med fem minutt. Reaksjonane har vore kraftige frå både sjåarar og politikarar etter omlegginga av distriktsnyheitene på TV etter nyttår. I dag vart ferja MF "Gloppefjord" sett i drift på sambandet Lote-Anda, som dermed vert verdas første nullutsleppssamband. Vi har vore med på prøvetur. I dagens Klassequiz er det Askvoll skule som skal i elden. Kan dei klare å ta teten? Når Norge i kveld kjempar om semifinaleplass i handball-EM, sit det ei sognekvinne på tribuna som følgjer kampen ekstra tett. Guro Loftesnes er nemleg sambuar med stjernespelar Kristian Bjørnsen, som til dagleg er handballproff i Bundesliga i Tyskland. Aleksander Raftevold trudde knapt sine eigne øyre då han i helga fekk Furore-stipend på 50.000 kroner. No ser musikaren framover. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu. Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Produsent:
Stian Sjursen Takle
Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu