Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

12.01.2018 2 t 49 min

God fredag ettermiddag Sogn og Fjordane! Jørn Trollebø Kvalheim imponerte med ein 2. plass i Idol. No er han klar med eigen musikk, denne gongen på dialekt. Roger Aa Djupvik er tilsett som ny dagleg leiar i Nordfjordrådet - han er gjest mellom 14.30 og 15.00. I avisa Ytre Sogn markerer dei i dag redaktørskifte. Rune "Suen" Sviggum gir redaktør-stafettpinnen over til May-Britt Eide. I går bad kommunestyret i Sogndal dei tilsette i Sogn barnevern om orsaking. Sogn Avis-redaktør Jan Inge Fardal kommenterer den betente saka, som i kommunestyret i går til slutt enda med eit mistillitsforslag mot rådmann Jostein Aanestad, som ikkje fekk fleirtal. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu. Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Produsent:
Stein Aase
Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu