Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

31.12.2014 2 t 57 min

Den aller siste dagen i 2014 er komen og vi i NRK Sogn og Fjordane ønskjer deg og dine eit godt nytt år! Det er framleis nokre timar att før rakettane skyt i vêret, og det mykje som skal forteljast før den tid. I dag skal du få høyre om korleis det var for ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim å få nok ei katastrofe til bygda då flaumen tok store jafs i kommunen i haust. Og i dag er ei nær 60 år gammal historie over. For Nordled tek over for Fjord1. Du skal få høyre frå folk som skal bruke denne dagen på fjelltur, og ei dame som har gått på fjelltur kvar einaste dag i heile 2014. Så skal vi til Kjippen i Flora og det kjem helsingar og god musikk.

Medvirkende

Programleder:
Eli Eikenæs Vengen