Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

30.12.2014 2 t 57 min

God morgon! Den nest siste dagen i 2014 er her - og den kom jammen med underkjølte vegar, regn, sludd og rundt null grader. Men uansett om du skal ut av huset eller halde deg inne, må oppfordringa i dag bli å bruke denne dagen godt;) Å høyre på radio er ikkje ein dårleg start meiner no vi. Og kanskje du skal ut i ein aplintbakke i dag? Dei som driv dei ulike bakkane fortel om ein kanonstart på sesongen og dei gler seg over snøen og kuldegradene. Og Stryn kommune vil ikkje akseptere at investeringane ved cruisekaia i Olden vert utsett. Det seier ordførar Sven Flo i dag. Konkurransen er klar, andakta er klar, musikken ligg klar og vi ønskjer deg velkommen til tre timar lokalradio!

Medvirkende

Programleder:
Eli Eikenæs Vengen