Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

20.12.2017 2 t 35 min

God morgon Sogn og Fjordane! Ordføraren i Hornindal har ikkje gitt opp håpet om at grenda Kjøs skal vere ein del av kommunen, medan Ordførar Sven Flo i Stryn er godt nøgd med tilrådinga frå fylkesmannen. Han meiner det er heilt naturleg at grenda Kjøs skiftar kommune. Fleire lensmannskontor blir lagt ned før nyttår. Denne veka stengjer lensmannskontoret i Hyllestad, Selje og Balestrand. Posten er inne i si aller travlaste veke. Landet rundt ligg det over 300.000 pakkar i Post i butikk og ventar på å bli henta.

Medvirkende

Programleder:
Stein Aase