Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

03.11.2014 2 t 57 min

Riktig god måndag folkens! Førre veke var prega av kaos for mange av dei som vart råka av flaumen. Fleire miste mykje då vassmassane tok over Flåm. Men på trass av fortvilinga dei kjenner på, har hendinga ført til ei positiv hending. Aurlendingane er blitt meir samansveisa enn før. Vi tok turen for å sjå korleis. Og det vart ein nedtur i Bergen då Brann slo Sogndal søndag. Stemninga var på topp før kampen få fleire hundre sogningar inntok byen. Og vi tok pulsen på sogningane både før og etter kampen. Vi skal også snakke med han som er sjef for NVE i Sogn og Fjordane, Brigt Samdal. For det har vore ei svært travel veke for heile organisasjonen med vêret som kom. Velkommen til sending!

Medvirkende

Programleder:
Eli Eikenæs Vengen