Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

14.10.2013 2 t 57 min

God morgon Sogn og Fjordane! I dag er dagen for dei store summane. For regjeringa legg fram sitt forslag til statsbudsjett klokka ti i dag, og vi følgjer den saka gjennom heile dagen. Allereie i morgonsendinga kan vi røpe at Stad skipstunnel får pengar. Og like etter at budsjettet er lagt fram, vil den sitjande regjeringa gje stafettpinnen vidare til den nyvalde blå-regjeringa. Sveinung Rotevatn frå Venstre er spent på dagen og vi har snakka med han om kva forventningar han til budsjettframlegget. I tillegg skal vi oppsummere korleis Opera Nordfjord har gjort det i det siste. Konkurransen ligg klar til deg og vi lovar god musikk gjennom morgontimane.