Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

10.10.2013 2 t 57 min

God morgon Sogn og Fjordane! Konkurransen ligg klar til deg og vi lovar god musikk gjennom morgontimane, og dessuten skal vi høyre at færre og større linebåtar er framtida - fiskebåtreiarar meiner det er framtidsretta å selge båtane sine. Vi tek turen ut like etter klokka sju på butikk for å snakke med fleire om søndagsopne butikkar. Det er mange meiningar om dette temaet, og på Facebook-sida til NRK Sogn og Fjordane kan du vere med å seie di meining om saka. Men vi skal prøve å finne ut litt meir om dette i dagens sending. Og vi skal også innom ein jury som er på leit etter kloke hovud med gode bedriftsidear. Og dei har vi mange av i fylket vårt. Det er blitt torsdag allereie og vi håpar du får ein god start saman med oss!