Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

07.10.2014 2 t 57 min

Godmorgon frå oss i NRK Sogn og Fjordane! I dag er det mannsdagen, og vi gratulere alle menn der ute med denne tysdagen. Det er ikkje ein offisiell dag, men ein dag fleire brukar til å markere rettane til menn i heile verda. Ein av tre lærarstudentar i Sogndal ville ikkje ha kome inn dersom Røe Isaksen sine karakterkrav hadde vore innført i dag. Vi har snakka med fleire på høgskulen som reagerer på karakterkravet. Og - Kva gjer du når du skal handle? drar du kortet? eller har du sedlar enno i lommeboka? Dei rosa, eller grøne med ansikt på at kjendte personar. Men no skal dei vekk og flunkande nye sedlar skal i lommeboka di. For Norges bank har hatt ein konkurranse gåande i eit år no, der ein får lage dei nye pengane. Ei av dei som er valgt ut - det gjekk frå 70 til åtte er May Elin Eikaas Bjerck frå Florø og Jølster. Vi skal også til ei sak som lenge har vore diskutert. Karakterar. For no er det slik at kunnskapsministeren vår har krav om at alle som skal bli lærarar må ha fire i matte. For å i det heile komme inn på høgskulen i Sogndal. Hadde dette kravet vore innført før - ville ein av tre elevar ved høgskulen i dag ikkje klart å komme inn. Osvald Lykkebø, instituttleiar for lærarutdanninga i Sogndal, er skeptisk til karakterkrava. Andakta er også klar til deg, og konkurransevinnaren dukkar opp like før sju i sendinga.

Medvirkende

Programleder:
Eli Eikenæs Vengen