Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

11.09.2014 2 t 57 min

God morgon! Samhandlingsreforma skulle gje sjuke eit nærare og meir lokalt tilbod, og kommunane har fått større ansvar for fleire oppgåver. Men, snart tre år etter oppstart, ser samhandlingssjef i Helse Førde Vidar Roseth, at reforma også byr på utfordringar. Han trur presset på kommunane til å ta i mot pasientar frå sjukehuset, gjer at fleire må stå lenger i kø før dei får plass på sjukeheim. No vil helseføretaket kartlegge situasjonen i kommunane Fylkespolitikarane må bestemme seg før jul om dei skal redusere talet på fylkestingsmedlemmer som del av innsparingane dei står overfor. Fylkesrådmannen har antyda at det kan sparast kring 4 millionar dersom ein reduserer talet representantar frå dagens 39 til 31. Frank Willy Djuvik frå Frp er klar på at også kostnadene med politisk arbeid må reduserat, men han er usikker på om løysinga er eit mindre fylkesting. Haust er krabbetid og rundt om i fylket står det teiner klare til å fange det mange ser på som ei skikkeleg delikatesse. I natt Nils Fløholm hatt teinene sine ute i Førdefjorden og i dag har han fått med seg drahjelp, for kollega Gro Ravnestad skal vere med på krabbefiske. Velkommen til lokalradio for heile Sogn og Fjordane!

Medvirkende

Programleder:
Eli Eikenæs Vengen