Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

09.09.2013 2 t 57 min

Godmorgon godtfolk! I dag er endeleg dagen her då du kan vere med å påverke på skikkeleg vis - gå ut og bruk stemmeretten din i dag om du ikkje har førehandsrøysta! Og medan du grunnar på kven du skal stemme på, kan du jo få vere saman med oss her frå NRK Sogn og Fjordane dei neste tre timane. Det handlar om vanskelege tider for bøndene, om trygd og haldningar til det og sjølvsagt skal vi til eit vallokale for å sjekke om dei er klare til å ta imot dokke. Per Kristian Grimeland er nyhenderøysta denne morgonen. Konkurransen er klar til deg, og vi skal også kikke i avisene og lovar å halde deg oppdatert på aller siste nytt gjennom morgonen. Velkommen til sending!