Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

04.09.2013 2 t 57 min

Godmorgon Sogn og Fjordane! Dei siste åra har Quizdan vore eit av dei mest populære underhaldningsprogramma på NRK.Og no skal det for første gong plukkast ut eit lag her frå fylket som skal delta i QuizDan på TV. Dan Børge Akerø er svært klar for å høyre kor smarte vi er i fylket. Av åtte høgreordførarar i fylket er det berre Morten Hagen i Vågsøy og Olve Grotle i Førde som klart og tydeleg seier ja til kommunesamanslåing, og dermed er i tråd med eige parti. I valprogrammet står det at partiet ynskjer større og færre kommunar. Det er dei seks andre høgreordførarane skeptiske til. Og det er blitt svært vanskeleg for unge som vil etablere seg å kjøpe eigen bustad. Denne veka kom tal som syner at bustadprisane låg 15 prosent høgare i august i år enn i fjor på same tid. Alt dette og mykje meir får du i denne morgonsendinga.