Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

03.09.2013 2 t 57 min

Godmorgon godtfolk! Tysdag 3.september kjem med lovnad om opphaldsvêr og litt høgare temperaturar. Og i dagens morgonsendinga skal vi høyre at resultata frå årets laksefiske tyder på ein sesong på det jamne.Det syner dei førebelse sluttala frå sju av fylkets største elvar. Trass i ein lunken sesong jamt over er det jubel å spore i Lærdal, seier leiar i Lærdalselvi elveeigarlag, Lasse Sælthun. Kvifor fortel han om denne morgonen. Og Atle Frøysland i FabelAktiv kjem på besøk for å snakke om eit nytt prosjekt som satsar på å ta på vare på og verne om fisken vår. Kollega Gro Ravnestad tek turen utomhus i dag, og skal saman med ordførar i Førde, Olve Grotle, hjelpe til med flyttinga inn i det nye rådhuset som kommunen har fått. Det kosta mykje pengar, og vi lurer på korleis det ser ut og om det var verdt alle millonane. Konkurransen i dag skal ta oss inn i musikkverda, og andakten er det Sunnvia Gylver som held. Velkommen til tysdagssending frå oss her i NRK Sogn og Fjordane!

Medvirkende

Produsent:
Gro Ravnestad
Programleder:
Eli Eikenæs Vengen