Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

20.08.2013 2 t 35 min

God morgon godtfolk! I dag fortel vi om at helikopterselskapet Airlift i byrjinga av august mista delar av eit hiv rundt fiskarar i elva Nausta. Marius Pedersen stod i elva og fiska då ein planke landa ikkje langt ifrå han. Og vi ser på korleis NAV-tilsette i fylket opplever arbeidskvardagen. Fleire og meir alvorlege trugsmål er blitt noko dei må forhalde seg til frå frustrerte klientar. Denne veka skal Fjordane tingrett handsame ei sak der ein NAV-tilsett i Høyanger har blitt truga over lengre tid. Manglande varslingssystem er ei utfordring på landsplan på NAV-kontora. Vi skal også innom Gloppen musikkfest som no tek steget til å bli ein klassisk festival for heile Sogn og Fjordane. Konkurranse er klar til deg og vêrvarselet og meteorologen på plass. Velkommen til morgonsendinga vår!