Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

23.07.2014 2 t 57 min

Heisann og god morgon! Små nisjehotell med få rom, god mat og unike opplevingar opplev kjempetilstrøyming året gjennom. Dette skjer samstundes som det tradisjonelle reiselivet strevar med å få nok gjestedøger i konkurransen mot crusetrafikk og konferansehotella i storbyane. På Balsnes gard i Eid har Terese Balsnes fått ein draumestart for det vesle gardshotellet. I dag startar årets Utkantfestival og allereie er det solgt over 1000 helgepass. Med 24 ulike artistar og grupper fordelt på fire dagar er det duka for ei musikalsk langhelg. Sjefen for det heile Viggo Randal har meir enn nok å henge fingrane i no like før det brakar laust med Kari Bremnæs i kveld klokka åtte. Vi ny alle sommarvarmen om dagen - mennår gradestokken kryp opp mot 30 er det tid for mange av oss å verne oss mot verste varmen med svalande bad, kald drikke og skugge. Og situasjonen er ikkje noko annleis for menneskets beste venn - hunden - når varmen blir som verst. Eldgrim Fossheim har vore på Flora Dyreklinikk hos Hanne Husebø Kristensen, og der var også Bamse med matmor Solfrid Storesund på besøk. - Det går an å falle til ro, sjølv i ei uroleg verd. Det sier Henrik Syse i dagens morgonandakt. Alt dette og mykje meir i dagens morgonsending. Velkommen til lokalradioen din!

Medvirkende

Programleder:
Eli Eikenæs Vengen