Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

21.07.2014 2 t 57 min

Godmorgon Sogn og Fjordane! Denne veka byrjar arbeidet med fjordstien i Sogndal. Sogndal fekk før helga kritikk for å ha vendt ryggen mot fjorden i utvklinga av sentrum. Fjordstien kan vera det Sogndal treng for å opna seg opp mot fjorden. Over 22.000 publikummarar koste seg i sola under Malakoff i helga. Det var ny rekord for festivalen som starta opp i 2003. Men alt dette hadde ikkje vore mogleg utan innsatsen til dei nesten tusen frivillige. Vi skal også snakke med han som er ansvarleg for heile festivalen og prøve å finne ut korleis det er plass til så mange menneske i Eid og om Malakoff kan bli større no. Redaktør i Fjordenes Tidende Erling Waage er med oss i avispraten i dag og konkurransen ligg klar.

Medvirkende

Programleder:
Eli Eikenæs Vengen