Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

17.06.2014 2 t 57 min

Riktig god morgon Sogn og Fjordane! Det skal handle om globale klimautfordringar i dag. Det har professor Carlo Aall ved Vestlandsforsking forska på i over 20 år. Dei treng lokale løysingar og tilpassingar, og g kommunane er ansvarlege for samfunnstryggleik og beredskap lokalt. Dermed fell mykje på kommunane. Eit prosjekt i Flora i 2005 var det første av sitt slag. Fylkesleiar i KS, Jenny Følling, meiner kommunane er flinke, men kan trenge meir drahjelp. Og bøndene gliser om dagen. I fjor var avlingane på heile Vestlandet så dårlege at bøndene vart ståande i kø for å få kjøpt for til svoltne dyr. Mange måtte heilt til Sverige for å få tak i nok. I år blir det heilt motsatt. Vi skal også til sogn, for i Sogndal kan alle spebarnsforeldre no få gratis kurs i førstehjelp. Tilbodet er heilt nytt og målet med kurset er at foreldra ikkje skal bli handlingslamma om det verst tenkjelege skulle skje Men i det fine vêret vi har må vi også ein tur ut av studio og ut på vegen. Og sommar i Sogn og Fjordane betyr legging av asfalt rundt omkring i fylket. I går og i dag skal det leggast 1500 meter asfalt på E39 i Våtedalen. Men det er ikkje fritt for at det kan vere ein farleg jobb. Ein av dei som skal legge asfalt i dag, Arne Magnar Hauglund, fortel at dei som legg asfalt lever eit farlegare og farlegare liv. I fjor vart ein person påkøyrd, bilistane tek ikkje nok hensyn i trafikken. Konkurranse vert det også og musikken er like god som alltid. Velkommen til tre timar lokalradio frå Sogn og Fjordane!

Medvirkende

Produsent:
Gro Ravnestad
Programleder:
Per Kristian Grimeland
Programleder:
Eli Eikenæs Vengen