Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

02.05.2013 2 t 35 min

God morgon Sogn og Fjordane! Velkommen til tre timar med lokalradio frå fylket med musikk, nyheiter, vêroppdatering og gode historier. Det har kome mykje nedbør i form av snø, og det fører til store utfordringar på vegane våre denne torsdagen. Vi skal sjølvsagt snakke med vegvesenet og oppdatere deg på korleis det ser ut rundt om kring. Og den seine våren får bøndene til å fortvile, vi har vore på ein gard og sett konsekvensane av sein vår. Og det var fullt på tribuna 1.mai i Florø, men få i tog. I Høyanger og Dale var det rekordoppmøte i 1.mai-toget og dei fleste gjekk under parolar som handla om den vidaregåande skulen. Dette og mykje meir i denne morgonsendinga andre dagen i mai.