Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

24.04.2014 2 t 57 min

Godmorgon folkens, tre minutt over seks er klokka blitt og det blir ein lekker dag i fylket med sol og stigande temperaturar! Undersøkingar tilbake til 1927 viser at fruktbløminga er tre veker tidlegare enn vanleg. Ekspertane har aldri sett slik bløming tidlegare Dei som kjøper seg hytte ved skianlegg kan bli skuffa. Klimandringar kan gje mildare vintar med lite snø dei komande åra. Carlo Aall i Vestlandsforskining seier dei som kjøper seg hytte bør tenkje seg om. Du har heilt sikkert sett dei, kanskje du er ein av dei eller har vore. Nattevandrarane gjer seg no klare til ein vår der mange arrangement og treff med ungdomar skal gjennomførast. I Sogn og Fjordane finst det nattevandrarar i åtte kommunar; Vik, Sogndal, Dale, Stryn, Nordfjordeid, Sandane, Florø og Førde.

Medvirkende

Produsent:
Gro Ravnestad
Programleder:
Per Kristian Grimeland
Programleder:
Eli Eikenæs Vengen