Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

22.04.2014 2 t 57 min

Riktig god morgon til deg som er tidleg oppe denne tysdagen! Vi pakkar påska bort, og har ser fram til dagar med sol frå skyfri himmel og høge temperaturar. For vêrvarselet lovar mykje godt! I dag skal vi til Sogn tingrett der ein 55 år gamal mann står tiltala for aktlaust drap etter at ein svensk buss kolliderte på riksveg 55 i august i fjor. Mannen risikerer inntil 3 år i fengsel for aktlaust drap og vitneforklaringane til til taiwanske og spanske passasjerar kan bli avgjerande når rettssaka etter dødsulukka i Fardal startar i Sogn tingrett i dag. Og Sogndal fekk ein dårleg start på årets Tippeligasesong etter at laget i går gjekk på sitt 3. tap i serien. Denne gongen med 1-3 mot serieleiar Strømsgodset på Fosshaugane. Sogndal ligg dermed framleis sist på tabellen med 1 poeng. Vi skal også høyre at berre 2,5 % av ingeniørstudentar ynskjer å jobbe i kommunane. Samstundes slit kommunane med forgubbing av ingeniørstaben sin, men får ikkje rekruttert nye folk. Konkurransen er klar og andakta er det Geir Gundersen som held i dag.

Medvirkende

Produsent:
Gro Ravnestad
Programleder:
Per Kristian Grimeland
Programleder:
Eli Eikenæs Vengen