Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

30.03.2020 2 t 35 min

Du høyrer God morgon Sogn og Fjordane med programleiarane Solveig Svarstad og Raymond Lidal. Så var det måndag igjen. Om ei knapp veke er det påskeferie for mange, men kan du reise heim? Fleire kommunar ber påskegjestane om å halde seg der dei er. Vi skal ein tur innom Balestrand, der mørke rom blei til eit lysande hjarte. Vi får besøk av Inge Nordhaug for å snakke om kvifor nokre blir meir redde enn andre når det kjem til den nye kvardagen med korona. Det skal også handle om Hydro. Aluminiumsgiganten går ei usikker framtid i møte no når store delar av bilindustrien stoppar opp. Skjer det noko du vil melde frå om? Send ei melding med SF til 1987.

Medvirkende

Programleder:
Solveig Svarstad