Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

18.03.2020 2 t 35 min

Du høyrer God morgon Sogn og Fjordane med programleiar Solveig Svarstad og Stian Sjursen Takle. Nok ein dag med Solveig bak spakane i studio, medan Stian er med oss frå heimekontor. Mange må vere meir heime i desse dagar og kombinere heimekontor med heimeskule. Ein som kjenner ekstra på utfordringane det gir er Frp-politikar Frank Willy Djuvik. Korleis skal ein takle dette med å vere meir heime? Det skal vi få gode tips om frå klinisk sosionom Inge Nordhaug. Det er krevjande tider for butikkane. Mange butikkar stenger rett og slett ned. Vi skal til Florø der dette har fått ein butikkeigar til å vere meir kreativ. Du får også siste nytt om koronaviruset i Sogn og Fjordane. Skjer det noko du vil melde frå om? Send ei melding med SF til 1987.

Medvirkende

Programleder:
Solveig Svarstad