Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

27.02.2014 2 t 57 min

Torsdagen er her allereie og vi på NRK Sogn og Fjordane ønskjer deg ein riktig god radiodag! Vi har mange viktige næringar her i fylket, og ei av dei som går best har no fått sin heilt eigen rapport som viser sysselsetjinga, omsetjinga og moglegheitene for å ekspandere. Oppdrettsnæringa er tema hos oss i dag, og du skal få vite korleis dei klarer å ha ei verdiskaping på 1,5 milliardar kroner. Vi får også besøk av ein som har fulgt draumen sin og som satsar alt på å bli skodespelar i USA. Klassequiz vert det også, denne gongen har Erlend Blaalid Oldeide teke med seg dei utfordrande spørsmåla sine til Feios og testa kunnskapen til elevane der. Bli med på tre timar med morgonsending då vel;)