Den farlege dammen

I Carreg-Wen-dalen i Wales møter vi jentene Rachel og Lyn. Faren til Rachel er med og byggjer ein demning, som gjer at store delar av dalen vil bli lagt under vatn, og heimen til Lyn er blant dei husa som vil forsvinne. Hørespill for ungdom i seks deler av Ingebrigt Davik, etter ei bok av Sheena Porter. Instruktør: Jon Heggedal. Teknisk regi: Sture Bakke. Sendt i Scene U. Musikk: Alan Stivell m.fl. Originaltittel: "The Valley of Carreg-Wen".

6. Demninga brest

15.12.1980 21 min

Regnet pøsar ned. Gam-elva veks frå time til time. Folk i dalen fylgjer spente med og det same gjer dei i skulebussen. Med: Anne Marie Ottersen (Lyn Morgan), Hilde Sophie Plau (Rachel Fleming), Jack Fjeldstad (Forteljar), Aud Schønemann (Annie Morgan), Alf Malland (Willi Morgan), Odd Furøy (Far Fleming), Nils Sletta (Peter Owens), Øistein Selenius (Vaktmannen), Nils Ole Oftebro (Sandy).