Den farlege dammen

I Carreg-Wen-dalen i Wales møter vi jentene Rachel og Lyn. Faren til Rachel er med og byggjer ein demning, som gjer at store delar av dalen vil bli lagt under vatn, og heimen til Lyn er blant dei husa som vil forsvinne. Hørespill for ungdom i seks deler av Ingebrigt Davik, etter ei bok av Sheena Porter. Instruktør: Jon Heggedal. Teknisk regi: Sture Bakke. Sendt i Scene U. Musikk: Alan Stivell m.fl. Originaltittel: "The Valley of Carreg-Wen".

1. Signalet i måneskinn

10.11.1980 21 min

Lyn elskar å bu på den vesle garden i Carreg-Wen, men no er alt endra. Dei skal demme opp Gam-elva og mange må flytte frå gardane sine. Det var stor motstand i Carreg-Wen då det blei kjent at vassdragsvesenet ville demme opp elva. Med: Anne Marie Ottersen (Lyn Morgan), Hilde Sophie Plau (Rachel Fleming), Jack Fjeldstad (Forteljar), Alf Malland (Willi Morgan), Aud Schønemann (Annie Morgan), m.fl.