Bronsesverdet

Hørespill for barn i fire deler av Johannes Heggland. Det har gått eit år sidan harudane gjekk til angrep mot oningane på Gløyp, og gjorde Onøya til sin nye heim. Træleguten Tolg vert teken til fange, medan Jørdi blir mistenkt for å ha krefter som har valda ulukke over harudane. Forteljar er Tordis Maurstad. Instruktør: Viktor Sandal. Teknisk regi: Jan Erik Hoel. Sendt i Barnetimen. Dette er ei fortsetjing av "Folket i dei kvite båtane".

2. Ferda mot sør

05.02.1966 28 min

Tolg er teke til fange på ein av båtane til harudane. I byrjinga merkar han seg sund og øyer for å kunne finna vegen attende til On, men etter kvart blir omgjevnadene annleis enn han er vant med. På ferda får han godleik for den gamle haruden Hjørve. I rollane medverkar bl.a.: Henrik Børsetg (Hjørve), Tor Stokke (Aun) og Bjarne Thomsen (Tolg).