Bronsesverdet

Hørespill for barn i fire deler av Johannes Heggland. Det har gått eit år sidan harudane gjekk til angrep mot oningane på Gløyp, og gjorde Onøya til sin nye heim. Træleguten Tolg vert teken til fange, medan Jørdi blir mistenkt for å ha krefter som har valda ulukke over harudane. Forteljar er Tordis Maurstad. Instruktør: Viktor Sandal. Teknisk regi: Jan Erik Hoel. Sendt i Barnetimen. Dette er ei fortsetjing av "Folket i dei kvite båtane".

1. Under vårfestane

29.01.1966 23 min

Folket på On har samla seg kring huset til Are hovding. Der venter dei på at gudinna skal gjeste dei; borna hentar blomar av mange slag og dei vaksne gøymer bort våpena sine. Både Jørdi og Tolg minnast ein annan vårfest der Aun hovdingson svor på at han skulle herje On på ny. I rollene medverkar bl.a.: Kari Winge (Jørdi), Turid Haaland (Ålo, ei gamal kvinne) og Bjarne Thomsen (Tolg).