Natur

Sist sendt

  • Friluftsmagasinet

    I dag - Velkommen til bursdagsfeiring Les mer av ein høgst oppegåande 150-åring, det er Den Norske Turistforening som er jubilant, og som me skal feira med fakkeltur og fyrverkeri på Notodden. I denne sendinga skal me og til Troms, der Tove Fugelsnes har funne ut at det er rekordmange elg, og heldigvis er han frisk, ingen skrantesjuke å finna så langt nord foreløpig.

  • Friluftsmagasinet

    13. januar - Me er i gode hender Les mer når me blir med Lars E. Lundal oppover i liene over Åkrafjorden i Hordaland. Ikkje berre har han gått der 11000 gonger, men han har og dagbokført kvar tur og deler episodar frå fleire generasjonar friluftsliv med oss i dag. Mot slutten av sendinga skal Tove Fugelsnes ta oss med til Tromsø, der du kan få hjelp med både tips og utstyr om du vil ut,

  • Naturens verden

    7. januar - På ein tradisjonsrik Les mer gard i Lindås tek ein ung familie vare på både gamle steinhus, dyra i fjøset og gamle mattradisjonar. I kjellaren på steinlåven bur ein roleg gjeng spelsauer fram til vårens lembing, der får dei god mat, frisering og kos. På Ikeland gard blir pølser av sau og hjort laga på gamlemåten, nytt røykeri er satt opp og produksjonen blir utvida. Stamfuglane flyg sørover for å hjelpe trekkfuglane hit frå krig og svolt. Alt framført på gitar av Frode Alnæs. Dagens art er sild.

  • Friluftsmagasinet

    6. januar - Me reiser til Rogaland Les mer for å treffa ein kar som blir lykkeleg av å gjera andre lykkelege i naturen. Johannes Apon har utdanna seg til naturguide og skapt sin eigen arbeidsplass, men han er og klar på at det naturbaserte reiselivet byr på ein del problemstillingar som er utfordrande. Bør bransjen kunna operera utan krav til guideutdanning, blir det for mykje folk i naturen, og ikkje minst, kva med CO2 rekneskapen når folk flyr jorda rundt for å gå på tur…? Me skal og på revejakt med Tove Fugelsnes, og fiska lake i Sørumsand.

  • Naturens verden

    31. desember - Kavalkade med Naturens Les mer verden-reportasjar frå ulike plassar i Noreg gjennom året 2017!

  • Friluftsmagasinet

    30. desember - I Friluftsmagasinet Les mer på årets nest siste dag tar me dykk med på eit gjenhøyr med året som har gått, og byr på friluft og jakt landet rundt, til lands og til vanns, til skogs og til fjells...

  • Årboka fortel

    Den Norske turistforening rundar Les mer 150 år i 2018. I alle år sidan 1868 har årboka til DNT kome ut. I dette programmet snakkar vi om kva årbøkene innheld av artiklar om turar, kultur og folkeliv - og vi leitar etter perler. Det blir også ei gjenhøyr med delar av eit program med tittelen "100 års turisme på Jostedalsbreen". Det vart første gong sendt 21.9.1987.

  • Naturens verden

    24. desember - Fleire generasjonar Les mer har kome til "Elisabeths jul" i Sandefjord på sjølvhogst av juletre, hesteriding, nisse, bål og pølsegrilling. Rundt skogsbålet høyrer vi om julemarknaden på bryggarhuset og låven med populære julegåver som sild, honning og husflidsprodukt. Vi lærer også om stell av juletreet, og kva vår tradisjonelle juletrepynt symboliserer. Julekvelden går mange tur på kyrkjegarden og set lys på gravene. Kransar av reinlav med konglar pyntar til jul. Dagens art er julerose, som kan plantast ut i hagen om våren.

  • Friluftsmagasinet

    23. desember - Friluftsmagasinet Les mer drar dykk med ut på dagen før dagen, og ser om me får tak i sjølvaste nissen i lag med spreke ungar og foreldre i Haugesund. Me skal og på skitur i det høge nord, sjølv om me er inne i dei mørkaste dagane i året, så går det an å komma seg ut på skitur med hovudlykt, og det er nettopp det Tove Fugelsnes gjer i dag...

  • Naturens verden

    17. desember - "Alle" i Larvik Les mer har eit forhold til Damgården ridesenter ved Farrisvannet, enten som rideelevar eller som gjestar på open gard. I stallen høyrer vi om hestestell, dressurriding, utfordringar og gode vennskap på tvers av aldersgrupper. I eit lite, lafta hus trippar hønene og leverer egg til Damgården, og får besøk av barnefamiliar kvar søndag på open gard. Korleis skal vi stelle juleblomane? Julestjerna toler ikkje kulde, asaleaen må ikkje tørke, julegleda vil ha det kjøleg og amaryllisen er ei riddarstjerne. Dagens art er dverggås.

  • Friluftsmagasinet

    16. desember - I dag er me på tur Les mer med mottoet "Klart det går!" som er satsinga til Bergen og Hordaland Turlag for ungar og ungdom med ulike funksjonsnedsettelsar. Me skal og på tur med litt eldre ungdom når me blir med Tove Fugelsnes til veteranane i Troms Turlag. Dei lærte nemleg på den harde måten at det lønnar seg å ha førstehjelpskurs når ein syslar med friluftsliv. Me skal og høyra ifrå ein engasjert Espen Farstad i Jeger og Fiskerforbundet i dag, han er nøgd med at det er stadig fleire unge og damer som tek opp jakt og fiske som hobby...

  • Naturens verden

    10. desember - Juletreet som norsk Les mer tradisjon har ei ganske kort historie, og både einer, furu, gran, kristtorn og sopelimar har blitt brukt. Eksotiske planter gir oss julekrydder som kanel, stjerneanis og kryddernellik, alt er flott utstilt på Arboretet i Bergen. Kristtorn kjem i mange fargar og fasongar, og høyrer definitivt jula til. Det same gjer misteltein, som er reine skjebneplanten. I Lofoten driv dei samisk fjellstue og reinslakteri, etter at ei oldemor kom til ho i ein draum og sa at ho skulle kjøpe Kåringen Turistsenter. Dagens art er skjære.