Røyster i steinen

11.01.1981 49 min

Kven er dei gale? Claes Andersson, som òg er poet og psykiater, gjer dette gamle spørsmålet aktuelt på ny i høyrespelet sitt. Han lar sinnslidande kome til orde - i lyriske monologar, men òg i samtalar med slike som går for å vere normale, slike som oss. Handlinga er lagt til ein psykiatrisk institusjon, "røystene" er røystene til pasientar. Vi møter kvinna som har flykta inn i ei drømmeverd der ingen kan nå henne, den unge mannen som får smaka aggresjonen mot dei som ikkje greier å vera produktive, den kvinna som bokstaveleg blei sjuk av berre å gå heime, ho som blei sjuk av samlivet med ein mann, som sjøl var sjuk, men utan å veta om det, ho som la for mykje i det ein mann sa og ga seg over til fantasiverden då mannen gifta seg med ei anna, han som berre er redd for alt og ikke minst for sjølve redsla. Omsett av Halldis Moren Vesaas. Musikk: Egil Kapstad. Instruktør: Merete Skavlan. Teknisk regi: Odd Asbjørn Ekseth. Dei som er med: Tone Schwarzott, Arne Lie, Bjørn Floberg, Tone Danielsen, Sverre Holm, Erik Øksnes, Siri Rom, Svein Tindberg, Gisle Straume, Hilde Sophie Plau, Bente Børsum, Jorunn Kjellsby, Odd Furøy, Anne Marit Jacobsen, Roy Bjørnstad, Knut Risan, Peter Lindbæk, Astrid Folstad, Mona Hofland og Frank Robert. Annonsering ved Svein Jarle Molnes.

Medvirkende

Forfatter:
Claes Andersson
Komponist:
Egil Kapstad
Oversetter:
Halldis Moren Vesaas
Produsent:
Odd Asbjørn Ekseth
Regissør:
Merete Skavlan
Skuespiller:
Anne Marit Jacobsen
Skuespiller:
Arne Lie
Skuespiller:
Astrid Folstad
Skuespiller:
Bente Børsum
Skuespiller:
Bjørn Floberg
Skuespiller:
Erik Øksnes
Skuespiller:
Frank Robert
Skuespiller:
Gisle Straume
Skuespiller:
Hilde Sophie Plau
Skuespiller:
Jorunn Kjellsby
Skuespiller:
Knut Risan
Skuespiller:
Mona Hofland
Skuespiller:
Odd Furøy
Skuespiller:
Peter Lindbæk
Skuespiller:
Roy Bjørnstad
Skuespiller:
Siri Rom
Skuespiller:
Svein Tindberg
Skuespiller:
Sverre Holm
Skuespiller:
Tone Danielsen
Skuespiller:
Tone Schwarzott