Schwanengesang med FrankåGunnar

03.10.2021 57 min

Songar Frank Havrøy og pianist Gunnar Flagstad har i sitt kunstnarlege utviklingsarbeid ved NMH renovert Schuberts Schwanengesang med alt dei har i den musikalske verktøykassa si: Cabaret, pop, jazz, tango og sjømannsvise, mm. Resultatet er ein versjon som er lang frå skriftru, og i sterk kontrast til referanseinnspelingane av verket. Er det outrert respektløyse, eller eller ei forfriskande aktualisering og inderleggjering av dramaet i Schuberts songar? Kva skjer når ein flyttar og forandrar på ikoniske melodiar? Korleis vert det tatt imot? Og kva er det med Schubert sin musikk som får så ulike komponistar som Josephine Foster, Eivind Buene, Hans Zender og no, FrankåGunnar til å rekomponere han? I denne utgåva høyrer vi også strykarar frå Cikada framføre libanesiske Karim Haddads …and I have tried to keep them from falling (2001) i opptak frå Tøyen kirke, 24. september, under Ultima i år!

Medvirkende

Gjest:
Frank Havrøy
Gjest:
Gunnar Flagstad
Komponist:
Franz Schubert
Komponist:
Karim Haddad
Omtalt:
Franz Schubert
Programleder:
Marion Hestholm