Urix på lørdag

Utenriksredaksjonens lørdagsmagasin med aktuelle saker, analyser, utenrikskommentaren og korrespondentbrevet.

02.04.2022 Urix på lørdag

02.04.2022 · 56 min

Etterlengta evakuering av sivile frå den ukrainske hamnebyen Mariupol lar vente på seg. Forhandlingane mellom Russland og Ukraina held fram - mange spør seg kva som eigentleg er Putin sin plan for krigføringa. Store mengder våpen går til Ukraina - det er gode tider for våpenindustrien. Og krigen i Ukraina kan føre til ei global matkrise. I Urix på laurdag skal vi også høyre at Kina er inne i den største utfordringa med koronaviruset sidan det dukka opp i 2020. Og om eit toppmøte i Midtausten som ville vore utenkjeleg for ti år sidan. Vi skal til Ungarn, der det er val på søndag. Korrespondentbrevet kjem frå Gry Blekastad Almås i London. Velkommen til denne utanrikstimen i P2, i studio: Eivind Molde.