Urix

Bli med ut i verden. Hør historiene og få forklaringene fra Norges største utenriksredaksjon.

19.03.2022 Urix på lørdag

19.03.2022 56 min

Krigen herjar midt oppi Europas kornkammer. Det fører til høgare matvareprisar. Men kan det også føre til auka uro, misnøye og konflikt? Mange nordmenn har fått endra synet sitt på Russland dei siste vekene. Men kva bringer framtida? Vil me klare å behalde eit vennskap til våre naboar i aust? I Frankrike er det snart val og høgresida låg lenge godt an på målingane. Men så vart det krig i Europa, og det har gitt president Macron vind i segla. Når du er trygt heime frå krigen, men krigens brutalitet likevel heimsøker tankane dine. Kva gjer du då? Me skal til eit slott i Wales, der ein krigsveteran har funne seg ein ekstraordinær terapi, både for seg sjølv og andre. Også skal me til Kenya der me har møtt søppelplukkarar som er med på å redde miljøet. Plastavfall er eit globalt problem, men søppelplukkarane meiner dei bør bli sett på som ein viktig del av løysinga.

Bli med på
lufta!

Med NRK-brukeren din kan du delta i avstemninger og sende meldinger til ditt favorittprogram.

Før du sender melding...

For å kunne sende melding må du godta noen ekstra vilkår.