Krig og flukt

Denne sesongen forteller historiene til dem som må flykte fra krig - og de unge som kjemper i krigen.

Første gong heimanfrå

13.11.2015 36 min

– Me var livredde, me kunne ikkje snakke, me måtte vere så stille som mogleg. Ingen måtte sjå oss. Innimellom tok me opp mobilen og sjekka gps-en, slik at me i det minste visste kor me var. Nart (19) og broren Nour (15) har gått gjennom mørke skogar, teke stappfulle tog og gøymt seg frå politi og mafia. Saman har dei gått mykje av vegen frå Damaskus i Syria til Tyskland. Foreldra og systrene er framleis i Damaskus, dei hadde berre råd til å sende dei to eldste gutane ut av det konfliktramma landet. Eg møtte brørne på den greske øya Kos for to månadar sidan. No er gutane aleine i eit nytt og framand land. Det same er Ali (23) frå Pakistan. Han måtte rømme landet fordi Taliban er etter familien hans. No bur han på eit asylmottak langt ute i skogen, utanfor den tyske byen Rupholding. Livet er satt på vent. Dette er tre unge menn som hadde to val: 1. Bli verande i heimlanda og for alltid leve i frykta for å bli drept. 2. Ta ei farefull ferd til eit tryggare liv i Europa. Alle gjekk for alternativ nummer to, og kom seg heilskinna frå det. Så, kva skjer vidare? Er det no resten av livet byrjar? Ein dokumentar av Silje Ese.