Etikketaten

Kvar veke samlast tre kloke folk for å svare på små og store etiske spørsmål. Har du ei utfordring til panelet? Send oss ein e-post til etikketaten@nrk.no.

Gripe inn? / sint på sinker / sleppe helsekø

01.12.2022 56 min

Tilskodareffekten; kvifor grip me ikkje inn når folk treng hjelp? Kor raus skal Else vere overfor mor, som ho har eit traumatisk forhold til? Kan ein køyre for fort, og samtidig ha moralen på si side? Er det greitt å betale seg forbi køen for å få raskare helsehjelp? I panelet er filosof Einar Duenger Bøhn, tankesmed Kristin Clemet og komiker Klaus Sonstad. Programleiar er Kjersti Anderdal Bakken. Ny episode torsdagar.