Etikketaten

Har du eit etisk dilemma i din kvardag? Kvar veke kjem tre kloke folk med ulike syn på livet i studio for å gje råd. Send ditt dilemma til etikketaten@nrk.no.

Kjønnsnøytral julekake / ofre fridom for sørsamisk / nisseløgna

22.12.2022 56 min

Kaféen på Stortinget har døypt kakemannen om til kakeperson. Har den politiske korrektheita gått for langt? Bør sørsamiske Mari bu heime for å halde på språket få kan? Er det greitt å ljuge om julenissen til ungar? Når må ein ta ansvar og betale for julemiddagen hos foreldre? I panelet hos Kjersti Anderdal Bakken er prest Silje Meisal, og komikarane Tore Petterson og Isalill Kolpus.