Etikketaten

Har du eit etisk dilemma i din kvardag? Kvar veke kjem tre kloke folk med ulike syn på livet i studio for å gje råd. Send ditt dilemma til etikketaten@nrk.no.

VM-boikott / overtru i idretten / tilgi juks

17.11.2022 1 t 10 min

Etikketaten sport spesial! Pappaen boikottar VM, kva skal han seie til den fotballinteresserte sonen på 6 år? Korleis kan dei som ikkje trur på høgare makter vere overtruisk? Kor mykje hat skal det vere rom for blant supportarar? Når kan me tilgi dei som har juksa seg til suksess? I panelet er filosof Steffen Borge, fotballbauta Karen Espelund og fotballkommentator Mina Finstad Berg. Programleiar er Kjersti Anderdal Bakken. Ny episode kvar torsdag.