Etikketaten

Har du eit etisk dilemma i din kvardag? Kvar veke kjem tre kloke folk med ulike syn på livet i studio for å gje råd. Send ditt dilemma til etikketaten@nrk.no.

«Slækk» til foreldre / mangel på sorg / dorulldugnad

26.01.2023 56 min

Bør småbarnsforeldre få meir slækk på jobb? Mor er død, men eg er ikkje trist. Skal eg seie det til mine sørgande sysken? Er det greitt med dorulldugnad? Kan pensjonisten ha svart arbeid? I panelet er samfunnsdebattant Elin Ørjasæter, skodespelar Assad Siddique og psykolog Svein Øverland. Programleiar er Kjersti Anderdal Bakken. Ny episode torsdagar.