Etikketaten

Har du eit etisk dilemma i din kvardag? Kvar veke kjem tre kloke folk med ulike syn på livet i studio for å gje råd. Send ditt dilemma til etikketaten@nrk.no.

Trendy med angst / skeiv eller ikkje / dement mor

08.09.2022 57 min

Bryt vi ned tabu om vi slenger rundt oss med psykiske diagnosar? / Har eg ei plikt til å bli kjent med naboane mine? / Er det greitt å kalle nokon «skeiv»? / Må eg besøke mi demente mor? Jurist Anine Kierulf, redaktør i Subjekt Danby Choi og psykolog Svein Øverland er gjestar hos programleiar Kjersti Anderdal Bakken. Ny episode kvar torsdag.