Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

01.10.2014 2 t 57 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! Kva betyr det eigentleg å vere gammal og kva verdi har ein då? I dag har dette vore tema på det som er den internasjonale eldredagen - der dei slår til med mottoet - Alder ingen hindring- du skal få høyre frå ein som både snakka og song på eldredagen i Førde. Du kan finne mykje rart i jorda om grev - det har dei gjort i Olden. Vikingtida er komen til overflata igjen der. Gjesten vår i dag er kjendt for å meine mykje om mangt på sosiale medier, han har brukt store deler av livet på forsking og kultur, han har meldt seg frivilleg til å sitje i styret til muesa i Sogn og Fjordane og han diggar Leonard Cohen. - han har blitt omtala som "fenomenet" - dagens gjest er Georg Arnestad - kulturforskar og seniorrådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Og IT - bransjen har i dag vore samla og dei seier rett ut - dei treng folk - og dei får folk! Velkommen til ettermiddagen her på NRK!

Medvirkende

Programleder:
Eli Eikenæs Vengen