Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

10.09.2014 2 t 57 min

Onsdagsmorgonen er i gong, tre minutt over seks er klokka blitt og vi seier god morgon! I dag fortel vi om Eid-ordførar Alfred Bjørlo som vil ha slutt på at ordførarkollegane kjem med uklåre etterlysingar av nye oppgåvene som større kommunar skal drive med. Han meiner kommunane sjølve må ta debatten og går sjølv ut med forslag for tre ulike kommunemodellar. Dette vert også tema i ettermiddagssendinga i dag med Erlend Blaalid Oldeide i studio. Politikarane har tenkt seg om, og berre 14 av dei 39 fylkestingsrepresentantane har takka nei til attval. Det er klart etter at nominasjonsnemndene no har fått svar frå kandidatane. Ein av veteranane som gjev seg i politikken er Norvall Nøringset frå SV. Han har 16 år bak seg på fylkestinget og 20 år bak seg i Førde-politikken, men no får det vere nok, seier han. Og i heile natt har det pågått ein redningsaksjon for å få ned 18 skorfaste elevar frå Nordhordaland folkehøgskule frå Lodalskåpa i Nordjford. Like over fire var alle mann nede, takka vere luftambulansen sin innsats. Velkommen til tre timar med lokalradio for Sogn og Fjordane!

Medvirkende

Programleder:
Eli Eikenæs Vengen